Med vinkel fra ostebaren

TINE Meieriet Vik

TINE Meieriet Vik ligg i Vik i Sogn. Meieriet produserar Gamalost frå Vik og Mylsa. Kvar sommar tek meieriet inn bringebær frå dyrkarane i Vik som vert produsert til bringebærsaft og bringebærjuice. Bringebærsafta vert mellom anna nytta i produksjonen av Piano Bringebærsaus på TINE Meieriet Ålesund og Lettmelk frå Vik i Sogn på TINE Meieriet Brumunddal, og bringebærjuicen vert mellom anna nytta til produksjon av Sunniva Pære- og bringebærjuice på TINE Meieriet Bergen. Meieriet produserer kvart år ca. 65 tonn Gamalost, ca. 5 tonn Mylsa og tek i mot ca. 175 tonn bringebær. Antal tilsette ved anlegget er 15.

I tilknytning til meieriet er Noregs einaste gjenlevande meieriutsal; Ostebaren. Ostebaren er også ein kafe og her kan ein kome for å smake på både Gamalost, Mylsa og bringebærsaft. Ostebaren kan kontaktast på telefon 57 67 79 00 eller via Facebook

 

Øydis Kristine Flateby

Meierisjef TINE Meieriet Vik

Øydis Kristine Flatebyoydis.kristine.flateby@tine.noTelefon: Mobil: 928 25 789

Adresse

6893Vik i Sogn

Telefon

03080

Søk om sponsormidler

Gå til Søknadsskjema og kriterier for sponsing