
Endeleg er Eplejuice frå Hardanger i butikk!
Endeleg er hausten her. Med det norskaste av det norske. Epla i Hardanger vert hausta og pressa til dei edle dråpane i Eplejuice frå Hardanger. Mange er spente på smaken i år, som på sjarmerande vis varierer frå år til år. I år er det 20. året sesongfavoritten er tilbake.
Blandinga av middels fyldige Aroma-eple, syrlege Summerred-eple og den karateristiske aromaen frå Gravenstein-eple gjev ein heilt særeigen smak.

Til juiceelskarane som vil ha kortreiste råvarer med unik kvalitet. Den vakre og storslegne naturen er her kombinert med stolt kunnskap, som har gått i arv gjennom generasjonar, til det du held i handa no.
Visste du at eit lite glas (1,5 dl) med Eplejuice frå Hardanger gjev deg 1 av 5 om dagen? Kvifor ikkje starta med noko av det beste naturen har å by på?
Norske smaksrike eple frå Hardanger. Rett frå kartongen.