Osterøy stadion

Sted og tid

7. May 2019

12:00 - 14:00

Arrangementssted:

Osterøy stadion Lonevåg, LONEVÅG

Åpne kart i Google Maps

Arrangør

Arrangørklubb/-skole: Osterøy IL Friidrettsgruppa

Nettside: https://www.tine.no/tinestafetten/

Navn kontaktperson: Bjarte Vik

E-post kontaktperson: bjartevik30@hotmail.com

Mobil kontaktperson: 45602908

Kontakt i Norsk Friidrett: Eddie Ebbesvik

Telefonnummer: 92085025

E-post kontaktperson: Eddie.Ebbesvik@friidrett.no

Påmeldte lag

Startlister

Resultatliste

9. May 2019

Vedlagt resultatliste for Tinestafetten 2019.

Takk for innsatsen

9. May 2019

Tusen takk til alle årets løparar, reservar, lagleiarar og heiagjengar. Me håpar mange har lyst til å testa ut friidrett og minner om det gode treningstilbodet i Osterøy IL og Mjøsdalen IL. Osterøy Friidrett har fast trening kvar måndag på Hatland klokka 18.30. Det er også tilbod om fellestreningar onsdag, fredag og laurdag, men måndag er ein fin dag å starta opp. Her er det ei treningsgruppe 10-13 år, ei ungdomsgruppe og ei gruppe for lengre løp.

Starliste Excel

6. May 2019

Vedlagt ligg startlistene i Ecxel-format.

TIDSSKJEMA

6. May 2019

12.00 Innmarsj
12.15 6. klasse
12.30 7. klasse
12.45 Open klasse barneskule
13.00 8. klasse
13.15 9. klasse
13.30 Open klasse ungdomsskule
(kanskje to heat)

Ingen kiosk i år

2. May 2019

Dessverre har ikkje OIL Friidrettsgruppa kapasitet til å følgja opp den bugnande kiosken som Osterøy videregåande har hatt dei siste åra. Elevane får heller ta med matpakke.

Dersom de har spørsmål rundt arrangementet - ring Bjarte Vik på 45602908 eller send mail til bjartevik30@hotmail.com. Me løyser alle tenkjelege eller utenkjelege problem.

Litt info om Tinestafetten

2. May 2019

Det nærmar seg Tinestafetten tysdag 7. mai. Påmeldinga er god - med heile 43 lag i aksjon på Osterøy Stadion. Tradisjonen tru blir det innmarsj klokka 12. Sørg for at alle har på seg Tine-t-skjorter - helst både på innmarsjen og sjølvsagt under stafetten. Lonevåg skule og ungdomsskulen får utdelt t-skjorter og startnummer måndag 6. mai. Alle andre skular får dette i sekretariatet i klubbhuset tysdag. Det er ope frå klokka 11.15. Første start er 6. klasse klokka 12.15. Deretter går det slag i slag. Me kryssar fingrane for fint vêr, god stemning og at alle får ei positiv oppleving.

Elevane får årets Tineprodukt, ei flakse Noisy, når dei kjem i mål. Dessverre har me ingen kiosk dette året.

VELKOMEN TIL TINESTAFETTEN 7. MAI

6. March 2019

Tysdag 7. mai klokka 12 startar årets Tinestafett på Osterøy Stadion, Hatland. Me satsar på å samla "heile Osterøy" til ein stafett der idrettsgleda står i sentrum. Årets arrangør er OIL Friidrettsgruppa. Hugs å melda på innan fristen fredag 15. mars. Det viktigaste at alle elevar som vil får delta, og at alle får ei kjekk oppleving på idrettsbana. Fram mot arrangementet finn ein tidsskjema og meir info her inne. Elles finn lærarane også mykje nyttig stoff på www.tinestafetten.no. Bruk stafettdeltakinga aktivt i kroppsøvingstimane fram mot 7. mai. Mange elevar blir veldig motiverte av stafett!