Har investert millionar for at du skal få betre mjølk

Norske bønder satsar tungt på teknologi for å effektivisere drifta og gje oss betre produkt. I Førde har Else Myren og Steffen Fjørstad investert 8 millionar i ny fjøs og mjølkerobot.

 

Noreg ligg i verdstoppen på robotmjølking. Ein av tre mjølkeliter i Noreg er mjølka med robot, og utviklinga er rivande. Forskarar frå Landbruksdirektoratet, Bioforsk og NMBU meiner at halvparten av all norsk mjølk vil verte mjølka med robot innan få år.

Robotsatsing i Haukedalen

I Haukedalen i Førde kommune har Else Renate Myren og Steffen Fjørstad investert åtte millionar i ny fjøs og mjølkerobot. I planleggingsprosessen hadde dei tett oppfølging frå TINE Rådgjeving.

- Vi hadde eit gamalt fjøs og måtte ta eit val om vi skulle satse eller legge ned. I prosessen med å planlegge nysatsinga var Jo Helge Sunde og Jørgen Vik frå TINE Rådgjeving med og hjelpte oss med budsjett og teikningar av fjøsen. Rådgjevinga deira var avgjerande for å sikre ein god prosess, fortel Else Renate Myren.

I prosessen med nybygging har Fjørstad og Myren dobla mjølkekvota si. Etter nokre veke med drift i mjølkeroboten i Haukedalen er dei unge bøndene godt fornøgde.

- Startperioden har gått veldig bra, det har vore minimalt med trøbbel. Mjølkeroboten gjere kvardagen betre både for bøndene og kyrne. Vi verte mindre knytt opp til faste tidspunkt og kyrne mjølkar meir. No verte kyrne mjølka når dei vil, dette føre til at dei verte mjølka meir enn to gongar om dagen slik vi gjorde tidlegare, seier Myren.

Fokus på fornying

- Det er eit sterkt fokus på fornying i norsk jordbruk. Fleire bønder gjere store investeringar og effektivisera drifta si med blant anna mjølkerobotar, fortel Jo Helge Sunde i TINE Rådgjeving. Han er leiar for storfeprosjektet i Sogn og Fjordane.

Talet mjølkebønder går stabilt nedover – og er i Sogn og Fjordane meir enn halvert frå 1 926 i år 2000 til 823 i 2016 i fylgje SSB. Trass i dette vert mjølkeproduksjonen oppretthalden. Årsaka til dette er at satsingsvillige bønder tar i bruk teknologi som får mjølkekyrne til å produsere meir mjølk.

Satsingsvillege bønder

- I Sogn og Fjordane skal vi levere oppunder 105 millionar liter kumjølk i året. Takka vere satsingsvillege bønder som tar i bruk ny teknologi så klarar vi å oppretthalde mjølkeproduksjonen til trass for eit stort fråfall i tal produsentar, forklarar Sunde. 

Friske dyr = betre mjølk

Harald Volden er professor ved NMBU og leiar i TINE Rådgjeving. Han fortel at TINE sitt innovasjonsarbeid påverkar oss forbrukarar som handlar mjølk, ost, yoghurt og andre meieriprodukt. Mellom anna fordi bruk av robot gjer meir nøgde dyr og friskare dyr, noko som igjen påverkar kvaliteten på mjølka.

- Innovasjonsarbeidet påverkar forbrukarane direkte gjennom produktkvalitet. Vi har veldig god produktkvalitet, og kan gjennom fôring påverke samansettinga av mjølka vår, seier Volden.

Anne Cathrine Whist, som er veterinær i TINE, forklarar vidare:

- At dyra er friske, bidrar til at kvaliteten på dei produkta du og eg handlar på butikken er god, og at maten som er laga av mjølk frå norske TINE-kyr er trygg. Forbrukarane kan være heilt trygge på at mjølka har det innhaldet den skal ha, er mjølka av friske dyr og ikkje inneheld nokon form for framandstoff eller antibiotika, seier Whist.