Mo og Øyrane vidaregåande skule ønsker velkommen til åpen gård.


På Mo har det vore landbruksopplæring sidan 1858 og fram til i dag og er den nest eldste skulen av naturbruksskulane i landet. Skulen har til disposisjon 3400 da der 389 da er fulldyrka jord. Resten er utmark og skogareal. Skulen har eit allsidig husdyrbruk med ein storfebesetning på 35 årskyr, 15 purker i kombinert produksjon, 1600 verpehøner, 35 vinterfora sauer og ein pelsdyrgard på 25 blårevtisper. I tillegg kjem hestar som elevane har med seg i skuleåret og som delvis vert nytta i undervisningssamanheng. Skulen har stallplass til 30 hestar.
I tillegg har ein eit gartneri for produksjon av blomster. På bakgrunn av klimatiske tilhøve er det grasproduksjonen som dominerer men her vert dyrka mykje potet, kålrot, gulrot og andre frilandsgrønsaker.
Tlf: 57656440, E-post: postmottak.mojo@sfj.no
Adresse
Mo
6819 FØRDE
Parkering
På skulen sin parkeringsplass + etter avtale om andre areal ved større arrangement.
Åpningstid
Skulen er normalt open frå kl. 08.00 – 15.30. Ved større arrangement er det eige opningstider sett av arrangøren.
Tilbud på gården
Skulen har myke kurs som dei ulike landbruksorganisasjonene held. I tillegg har skulen eigne kurs for eksterne deltakarar. All kursverksemdvert administrert av ein kurshaldar som er tilsett på skulen. Kurshaldar er: Knut Vebjørnsen. I tillegg har Sunnfjord Fjordhestlag, Firda Travlag og Førde Køyre- og Rideklubb kurs på skulen ofte i samband med ulike aktivitetar innan hest.