Stor salsauke på Gamalost

Med ein auke på nye 16 prosent, vart det i fjor seld 92 tonn gamalost frå TINE Meieriet Vik. Det er over 20 tonn meir enn i 2011. – No har salet endeleg snudd og pila peikar rette vegen att, gliser meierisjef Per Henning Liljedahl.

– Det er ikkje å leggje skjul på at salet har hatt ein nedgåande trend tidlegare, seier han.

Ifølgje NRK Sogn & Fjordane trur meierisjefen at ny forskning og ekte opphav er viktig for salet av gamalosten som har røter attende til vikingtida.
– Det har vore teken ein doktorgrad på helseeffekten i gamalosten, og ein studie og oppfølgingsstudie ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (tidl. UMB) på Ås som vi førebels ikkje veit resultatet av ennå. Det har ført til mediemerksemd. Så er kanskje folket meir opptekne av lokal mat og norsk opphav. Der har gamalosten den beskytta beteikninga som viser at den er laga av råvarer frå nærområdet i Vik, seier Liljedahl til NRK.

Gamalosten er kort fortalt fersk muggost, med fyldig og skarp smak. Den inneheld lite feitt og mykje protein. Og forskninga Liljedahl viser til er mellom anna doktorgraden til Tahir Mahmood Qureshi som avdekka at osten inneheld såkalla peptider som er blodtrykkssenkande, og at effekten av desse aukar på veg gjennom fordøyingssystemet.