Sunniva® Juice appelsin

Sunniva® Premium Sesongens Eple frå Hardanger

Ein frisk og syrleg smak av ferske epler frå Hardanger. Det er i dei bratte og solfylte bakkane ned mot Hardangerfjorden dei herlege epla til juicen vår vert dyrka. Blandinga av middels fyldige Aroma-eple, friske og syrlege Summerred-eple og den karakteristiske aromaen frå Gravenstein-eple gjer oss denne heilt særeigne smaken. Unik natur kombinert med kunnskap og stoltheit som har gått i arv gjennom generasjonar er det du held i handa di no.

Vår eplejuice frå Hardanger er ein nasjonal matskatt, så spesiell at den har fått tildelt beskytta geografisk nemning. Nyt kvar dråpe - sesongen er kort!

Eitt glas (2 dl) juice kan inngå som ein av dei tilrådde «5 om dagen» av frukt og grønt.